Grønland fleirkulturelle seniorsenter er ein møtestad for eldre; her kan dei sosialisere og delta på aktivitetar. Mange kjem for å nyte eit måltid til ein rimeleg pris

Tilboda er tilbake igjen hos Grønland seniorsenter

Grønland fleirkulturelle seniorsenter har lenge vore ein fast møteplass for heimebuande pensjonistar av ulike nasjonalitetar. Takksemda er stor for at dei kan treffast igjen.

Publisert Sist oppdatert

– Etter så mange veker med lite tilbod for denne målgruppa, blei det for nokon lite aktivitet og mykje aleinetid. Det å ha ein stad å kome til og nokon å prate med, var etterlengta for mange, seier Anne Elisabeth Ilseng, ein av teamleiarane på senteret.

Eldresenteret på Grønland har vanlegvis mange tilbod som dei besøkande kan nytte seg av; frukostservering, treningsgrupper som vert leia av fysioterapeut, strikkegruppe, datakafè for dei som treng hjelp rettleiing med pc og telefon, fleirkulturell kvinnegruppe og lågterskeltilbod for personar med demens.

Vanlegvis er det ope måndag til fredag frå 08:30 til 15:00, men under Koronaperioden bestemte dei tilsette seg for å stenge for besøkande gjestar grunna smittefare. Dei heldt derimot fram med ulike tenester, som å halde kjøkkenet ope for heimlevering av middag. I tillegg har dei tilsette ringt dagleg for å høyre om alt står bra til, medan nokon gjester har ringt inn til senteret på eige initiativ.

Nyleg opna dei opp for at fem gjester kunne kome tilbake om gongen, men no har dei auka til ti. Dei er framleis svært påpasselege med reinhald for å unngå smitte.

– Den første veka var det færre gjester enn vanleg, men antall besøkande har gradvis auka. Vi har antibac fleire stader i lokalet, og minner gjestane våre om å vaske hender og halde avstand. Vi har ommøblert slik at det berre er plass til to personar ved kvart bord. Vi har også tilpassa rutinene på kjøkkenet i forhold til smittevern, forklarer Ilseng.

Ilseng påpeiker derimot at dei har sett nedgang i besøkande som kjem for å delta på aktivitetar dei har på senteret.

Det er ei blanda gruppe menneske som vanlegvis kjem hit. Nokon bur i nærleiken og har kort veg, både etnisk norske og fleirkulturelle. Det er også mange gjestar som bur i andre bydelar enn Gamle Oslo, men som kjem til seniorsenteret av fleire grunnar. Nokon har budd på Grønland tidlegare og har tilhøyrsle på Grønland, medan andre har sitt nettverk her. Ein del kjem hit for god mat til ein rimeleg pris.

– Vi har treningsgrupper kvar måndag og fredag. Dei trenar no utandørs, i bakgarden. Fysioterapeuten ser til at stolar blir vaska etter bruk og at alle held avstand til kvarandre.

Cecilie Dahl, kommunikasjonsrådgivar i Byrådsavdeling for eldre, helse og arbeid, vektlegg at alle seniorsenter framleis er pålagt å følgje gjeldande råd og tiltak frå nasjonale myndigheiter. Ho påpeiker også at det er dei som gjennom heile perioden har vore i faresona – eldre med underliggande sjukdom – som framleis er spesielt i faresona.

– Bydelane har ansvar for seniorsentera. Det er seniorsenterets ansvar å gjere seg kjend med råd og tiltak frå nasjonale myndigheiter, og sørge for at dei vert følgde, spesielt med tanke på avstand, antall som besøker arrangementet og smittevern.

Powered by Labrador CMS